Hanne Mjåseth

  • Forsiden
  • Bloggprofil
0

Rise and shine

  • Publisert 25.07.2014 | 11:36
  • Kategori Blogg

Bokstavelig talt! For gjett kem som var oppe halv 7, klar for å shine leilegheita? Tropevarmen ute gjorde det umulig å sove i dag tidlig, så då var det berre å hoppe opp, drikke eit glass vatn, sette håret i ein ball og finne fram vaskekosten. Eg har også fått gjennomført ein powerwalk, pakka ut kofferten, vaska kle, henta pakke på posten og handla inn matvarer. Alt dette før klokka var 10 i dag! Pangstart på helga? Hellyeees :-) 
Sju nydelige dager heime er forbi, og no er eg altså tilbake i Bergen by. Syns alltid det er så trist å reise frå familien, men det gjorde godt å komme inn igjen til kjæresten. Eller, forloveden, om eg skal sei det riktig Hihi! Akkurat no drikker eg kaffi og jobber med bloggen. Skal straks finne dagens antrekk, freshe meg opp og dra på jobb. Syns det er så godt å jobbe kveldsvakter, for då får eg gjort så masse før på dagtid :-) Energinivået mitt er vertfall best om morningen! 
Min nyaste fangst er Acne Raya Den er nettopp komt i hus og eg gleder meg sånn til å vise bedre bilder av den! I'm already in love :-) Ha ein nydelig fredag! Tenk at det er helg igjen allerede? Ææ, tida går så ekstremt fort.. 

6

WOK

For ei stund tilbake lagde eg deilig wok til middag. Wok er jo så kjapt, enkelt, sunt og godt å lage ♥ Hadde planer om å dele oppskrifta med dåke tidligare, men det har gått heilt i gløymeboka. Beklager! Men bedre seint enn aldri ;-) Når eg tenker meg om er wok eigentlig perfekt sommermat! Det er både lettvindt og smakfullt. Eg er vertfall ikkje særlig fan av tunge middager, spesielt ikkje på varme sommerdager. Mister så fort matlysten, men det som er så greit med wok er at man kan blande sammen akkurat det man vil ha! I tillegg får man i seg viktige grønnsaker på denne måten. Denne som eg lagde er veldig god, så den anbefaler eg absolutt. 

Du trenger: 
Kyllingfilet
Sopp
Gulrøtter
Brokkoli
Paprika
Rødløk
Eggnudler
Woksaus(santa maria)
Start med å kutte opp sopp, rødløk, gulrot, agurk, paprika og brokkoli. Del kyllingfileten opp i biter og steik på panna. Når kyllingen begynner å bli klar tilsetter du grønnsakene og lar det steike sammen. Riv så eggnudler frå kvarandre og rør godt om. Eggnudlene trenger ikkje å kokast for seg sjølv først, det er berre å tilsette dei i steikepanna sammen med det andre. Dersom du ikkje ønsker å bruke nudler i woken, kan du feks bruke cashewnøtter. Supergodt! Når blandinga er ferdig blander du inn woksaus. Eg brukte smaken - garlic and oyster. Mmm! 


Mengda med kyllingfilet og grønsaker avhenger av antall personer som skal spise. Enjoy 

7

Blue Ocean

  • Publisert 22.07.2014 | 12:37
  • Kategori Blogg

Sommer, frisk sjøluft, solnedgang, reker og familie - det er lite som slår slike kvelder 


Sommaren er endelig på plass på vestlandet, og det er berre heilt fantastisk. Kan ikkje huske forrige gang det var såå varmt og deilig! Vi snakker opp i mot 25-28 grader i skyggen, og det er jo sydentemp det :-) Vi bur jo på verdens finaste plass i tillegg, så det å vere heime akkurat no gleder meg langt inn i sjela. Kjenner eg gruer meg litt til å dra igjen på torsdag, men Bergen er jo fint det og. 


Etter to jobbdager var det sannelig godt å få sove ut i dag. Treningsøkta som bestod av ein løpetur er også gjennomført. Jippi! Fant ut at dersom eg i det heile tatt skulle få bevegd meg i dag, måtte eg gjere det før frokost og alt anna. Samvittigheita til å ligge på stranda, bade og sole meg resten av dagen er vertfall god :-) Så no skal eg smekke i hope ein fruktsalat, hoppe i biknien og dra ned til sjøen. Vi har privat strand rett ved huset, og det er så digg å berre kunne rusle ned. Ha ein nydelig dag, håper været er like fint hos dåke 

9

My weekend

  • Publisert 21.07.2014 | 20:17
  • Kategori Blogg

Hei, og god kveld Korleis har mandagen vert? Har den vert fin? Det håper eg virkelig! Beklager for så sein oppdatering foressten. Hadde planer om å blogge tidligare i dag, men etter ein lang dag på jobb frista det mest å nyte finværet etterpå. Det er jo såå fint ute! Og varmt - jeeez :-) Men klager absolutt ikkje. Synst det er heilt idyllisk å vere heime på slike dager! Så timane etter jobb har gått til å sole seg i fjæra, ta årets første norske bad og grille sammen med familien. Om få strakser skal vi ut med båten, spise reker og kose oss på sjøen. Har fullført 3 av 4 jobbvakter allerede, så no er det tid for kvalitetstid med familien. 

Helga har gått til jobb, sleepover hos Malinbestis, sommerfest med gode venner, litt trening og totalt avslapping. Oppdateringane denne helga har ikkje vert av dei beste og det får sitt utslag i samvittigheten.. Men håper virkelig at dåke forstår at eg ønsker å tilbringe mest mulig tid med mine nære og kjære 
Reiser jo allerede tilbake til Bergen på torsdag, så tida har gått veldig fort! Merker uansett at bloggmotivasjonen er hakket høgre i byen, så det blir bedre tider her inne igjen. No worries - hehe :-) Vi skrivast i morgon!

8

Calm down

  • Publisert 20.07.2014 | 13:09
  • Kategori Inspo

And enjoy this sunday Søndag er den ultimate daffedagen, og det er ein dag som eg prøver å ha minst mulig planer for. Nettopp fordi den skal være fri til at eg kan gjere det eg vil, lytte til kroppen og finne aktiviter som passer dagsformen og humøret :-) Denne dagen er så god, og den hjelper meg til å roe meg fullstendig ned før ei ny veke står for tur. Det er jo slik det skal være! Tenkte eg skulle dele mine tips til aktiviteter denne dagen, sånn i tilfelle nåken trenger litt inspirasjon. 
 Koble av - Det er ingen hemmelighet at denne jenta er seriefreak, så søndager går som regel til å ligge i senga, sjå serier, drikke kaffi, spise litt snacks og kose seg. Syns det er så deilig å koble ut frå sin egen verden og heilt inn i ein anna! Det får meg vertfall fri frå egne tanker, og det kan vere godt i blant :-) Man kan også koble av i form av å lese bok, magasiner og filmer. For å "forsterke" følelsen av å forsvinne i ein anna verden, vil eg tipse om å skru av mobilen eller sette den i flymodus. For på den måten slipper du forstyrrelser! Kanskje du klarer det i nokre timer, eller ein heil dag? Det gjer vertfall veldig godt ♥ 

Heimespa - For det blir ingen skikkelig søndag uten! Det å bruke søndagen på litt pleie gjer underverk for både kropp, sjel og sinn. Ta deg ein deilig dusj, scrub kroppen, kur håret, plei ansiktet, ta deg eit fotbad, legg lakk på neglene, og du vil føle deg automatisk mykje freshare. I promise you! Eg prøver å gjere dette minst ein gang i veka, og det slår alltid an. Deilig lukter man også! Er kanskje litt over snittet opptatt av hygiene, men det å føle seg rein og lukte godt er viktig for meg. 

Trening og mosjon - Søndag er ein veldig fin dag å trene på! Man har ofte mindre planer, og det gjer til at man kanskje rekker over ei treningsøkt. Eg bruker som sagt søndagen til å lade opp til ei ny veke, men det å ligge på latsida heile dagen kan få meg litt rastlaus. Så då pleier eg enten å powerwalke, ta meg ein rolig joggetur eller fjelltur. Pleier aldri å gi 100 % denne dagen, nettopp fordi eg ønsker å spare krefter til øktene for den nye veka. 

  Hent inspirasjon - Ofte bruker eg søndagskvelden på å leite etter inspirasjon og motivasjon for den nye veka. Det kan enten vere i form av å lese blader, blogger eller bilder på weheartit. På weheartit kryr det av fine bilder og motiverande ordtak :-) Ei god innstillig og postiv holdning er starten på ei god veke! 

Utforsk på kjøkkenet - og det meiner eg ved å lage nye retter! Kanskje du ønsker å bake? Prøve ut ein ny middagsrett? Eller ein dessert du har lest om på ein blogg? Well, this is the day! For her har du ofte god tid til å kokkelere :-) Kvardagen er ofte hektisk, så det å bruke søndagen til å utforske nye, sunne og gode retter kan vere ein lur ting. Har man tid til overs kan man også skrive handleliste for den nye veka + matplan! For på den måten sparer du tid på butikken, og du ender opp med å spise sunt og friskt i vekedagane. Eg har vertfall lagt merke til at dersom man ikkje planlegger matplan for veka, ender man opp med å stå som eit spørsmålstegn på butikken og man ender opp med kjapp mat, som gjerne også ikkje er det sunnaste alternativet...

 Kvalitetstid - Har man ei hektisk veke framfor seg, kan det ofte vere lurt å vere sosial før den nye veka setter inn. For på den måten kan du konsentrere deg om det du bør gjere, i stedet for å få dårlig samvittigheit for at du ikkje har tilbringt nok tid med venner. Det å sjonglere mellom trening, jobb, skule, sosiale sammenkomster, kjæreste, familie og blogg er ikkje like lett, og det seier seg sjølv at det krever ein god del planlegging for at dette skal fungere. I vekedagane har eg som ofte fullt program, så derfor blir det til at eg gjerne er meir sosial i helgene. Det kan enten vere å ha tacokveld, gå på fjellet, sjå film og spise fruktsalat osv. Merker også at viss eg har det for hektisk prioriterer eg meg sjølv framfor å henge med venner. Det å lytte til kroppen og følelser er alfa omega! Heldigvis har eg null problemer med å vere aleine. Eg er ein person som liker å vere i eget selskap ♥ 

Håper tipsene faller i smak og gir inspirasjon  Om få strakser reiser eg på jobb, så denne søndagen blir ikkje så rolig som vanlig. Men hittil har eg fått sove ut, spist ein god frokost, trent og sola meg på terassen :-) Så eg er i grunn og bunn fornøgd! Det å reise på jobb no og få tjene seg opp litt cash hjelper dessuten veldig på godfølelsen. Ha ein fin søndag, gode lesarar!   


 Bilder - weheartit

21

Flowerwall

  • Publisert 19.07.2014 | 13:40
  • Kategori Outfits

//Jakke Zara//Kjole Bikbok//Sko Bianco//Solbriller H&M//Lommebok MichaelKors//Klokke Casio//


Sist eg var i byen fikk eg tatt antrekksbilder. Byen har jo så mange sjarmerandes sidegater og denne var absolutt ein! Det gjorde seg dessuten med ein liten oppgradering på antrekksbakgrunnen, eller ka? Hehe ;- ) Pleier jo som regel berre å ta dei i bakgården! Må nesten le litt når eg står der med stativ, sjølvutløysar og "poser" framfor kameraet heilt aleine. Har fått ein del tilskuarar frå andre i leilighetsbygget for å sei det slik.. Men alt for bloggen Eg tar ikkje meg sjølv høgtidlig heller, så det å drite seg ut framfor folk gjer eg titt og ofte. Bryr meg generelt veldig lite om andre sine meinigar! I do things my own way. 

15

Destination: Home

  • Publisert 18.07.2014 | 13:15
  • Kategori Blogg

Frå by til bygd - Yes, that's right! I'm home Satte meg på ekspressbåten i går kveld og no er eg godt plassert hos mamma, pappa og søstrene mine :-) Blir her ei veke, og det gleder meg langt inn i hjerterota! Skal jobbe ein del, men har også plenty av tid til kvalitetstid med mine nære, avslapping og trening. Været skal jo bli heilt knall dei neste dagane, og då er det så deilig å vere på denne nydelige plassen! Sol, frisk luft, sjø rett ved huset og minimalt med trafikk. Åh, paradis seier eg berre!

Når dette innlegget blir publisert er eg for lengst dratt avgårde på jobb. Det å stå opp halv 7 etter kun få timer med søvn er ikkje like greit, men det får duge! Har uansett meg sjølv å klandre.. Klarer jo aldri å koble av mac-en. Ender alltid opp med å sjekke "det" og "det" først, og vips er klokka langt over sengetid. Fleire som kjenner seg igjen? Blæh! Etter jobb reiser eg til Malin, og der blir det god mat og kos før vi skal stæshe oss litt, drikke vin og reise ein tur ut med andre venner av oss. Blir så koselig!

Her har du mine siste instaoppdateringer! Trur eg har begynt å gå litt bananas der inne.. Fleire ganger skjer det at eg oppdaterer 3-4 ganger i løpet av ein dag! Men insta er jo såå kjekt Trur faktisk det er den appen som blir tatt mest i bruk hos meg! Husk å følg meg på @hannemjas :-) Kva er din insta? 

14

Outfits mai - juni

  • Publisert 17.07.2014 | 14:21
  • Kategori Outfits

Tenk at vi er over halvveis i juli og at det berre er ein knapp måned igjen til skulestart. Tida går så alt for fort, og eg håper virkelig at dåke nyter sommerferien på best mulig vis ♥  Bladde litt på mac-en i dag tidlig, og då kom eg på at eg har glømt å lage oppsummering av antrekka frå mai og juni. Det pleier eg jo alltid! Syns det er så kjekt å høyre hvilke antrekk som faller best i smak hos dåke :-) 
Dine favoritter? 

9

LunchDate

  • Publisert 16.07.2014 | 22:15
  • Kategori Blogg

Åh, for ein deilig dag dette har vert Sidan forrige oppdatering har eg vert ein tur i byen, spist deilig lunsj på Zupperia, sett litt i butikker og kosa meg masse sammen med Eirín. Den jenta er så skjønn, og eg er blitt så glad i ho allerede! Vi er så like på mange punkt, og då seier jo det seg sjølv at man kommer godt overens :-)


Kvelden har eg tilbringt sammen med Solveig, rekekos og masse snikksnakk Har altså vert ein veldig deilig og rolig dag! Kjenner kroppen trengte det etter jobbstresset i går, hehe :-) No venter ei god natt med søvn, før frokost og styrkeøkt i morra tidlig. Ææ, krysser fingrene for at det går bra! Good night, cutiepies. 

5

Juicy morning

  • Publisert 16.07.2014 | 10:51
  • Kategori Blogg

God onsdag, lesarar Gårsdagen brant opp i trening og jobb, og no er vi plutselig halvveis i veka. Er masse salg i butikken no, så det var superhektisk i går. Fikk faktisk ikkje tid til å spise, så når eg kom heim var eg totalt ferdig, sulten og grinete. Linemor overraska med proteinvafler når eg kom heim, og det gjorde virkelig dagen :-) Thank you, siss!


I dag hadde eg planer om morgentrening, men etter dagen i går bestemte eg meg for å sove ut og nyte ein rolig morgen. Formen var ikkje heilt på topp i dag tidlig, så kvifor ikkje knalle til med ein frisk juice? Ferskpressa juice er såå mykje bedre enn den man får i butikken! Drikker ikkje særlig masse juice, men det er deilig med eit lite vitaminboost i blandt. 
Ligger forsatt i morgenkåpa, ser tv og planlegger litt i forhold til bloggen osv. Om litt skal eg finne fram dagens antrekk, freshe meg litt opp og dra til byen. Der venter lunsj med nydelige Eirin Ha ein fin dag! 

12

Outfit 12.07.14

  • Publisert 15.07.2014 | 16:10
  • Kategori Outfits


//Topp Zara//Skjørt, hatt BikBok//Veske Nelly//Solbriller ukjent//Sko Dinsko//

12

Frozen grapes

  • Publisert 14.07.2014 | 21:34
  • Kategori Blogg

God mandagskveld, lesarar! Har dåke hatt ein fin start på veka?  Her har det gått i husarbeid, powerwalk, blogg og fjelltur. Oppsumert: ein ganske så fin og effektiv mandag! Man merker likevel at mandager er litt annarledes i ferien, alt går liksom litt treigare. Men det går fint, blir fornøgd så lenge eg får kryssa check på dagens gjeremål :-) 
No har eg tatt meg til rette i sofaen, funne fram serie og litt snacks - fryste druer Så innmari godt! Første gang eg har prøvd det, og eg er irritert over meg sjølv for at eg ikkje har testa ut dette før. Smaker jo som snop! Og det beste av alt er at det er frukt og av den sunne varianten :-) Etter at eg kom heim frå Kypros har eg vert litt bestemt på å spise riktig og sunt, og då må eg gi litt slipp på den usunne varianten. Heldigvis er problemet løst med denne deilige, friske og søte snacksen! Mums. 
Suger på dei som drops til skalet blir mjukt og eg kan begynne å tygge så smått. Dåke må prøve det, vær så snill :-) Men på tide å koble av her og inn i serie-verden. For tida følger eg med på Plain Jaine, Keeping up with the kardashians, 24, Pretty little liars og Mistresses. Hehe, seriefan sa du? Jepp! Men det er jo så kjekt å flytte seg vekk frå egne tanker og inn i andres "verden". Hadebra!

10

Hello Sunshine

  • Publisert 14.07.2014 | 11:32
  • Kategori Blogg

Hei på deg, solfylte mandag Såå deilig å våkne opp til nok ein nydelig dag! Det skal seiast at eg allerede har vert våken eit par timer. Har jobba med bloggen, drukke kaffi på sengekanten, lest Shape up og sett favoritt morgenprogramma mine - Real housewives of New York og Millionær søker kjæreste. Det er så kjekt!


Om litt er det klart for powerwalk rundt vannet. Seinare i kveld venter Ulriken med Camilla :-) Tenker å ta det litt rolig ettersom kroppen nettopp er blitt frisk og at det er godt over ei veke sidan forrige økt. Hadde jo planlagt å trene når eg var i Kypros, men det blei vanskelig med sjukdom i kroppen. Blir mest fokus på kondisjon denne veka. Joggeturer, fjelltur og pyramideintervaller. Har planlagt ei styrkeøkt på torsdag og det grugleder eg meg til! Kjem nok til å bli eit slit, men man må jo berre starte ein plass, Gleder meg til å trene meg opp igjen på det nivået eg var på! Blir ein lang vei å gå, men det er jo i motbakker det går oppover. Er det ikkje? 

Før eg hopper i treningstøyet vil eg berre ønske alle sammen ei riktig fin veke 
Make it good!

6

Tourist

  • Publisert 13.07.2014 | 19:56
  • Kategori Blogg

Åh, for ein deilig og avslappandes søndag Eg og Line hoppa på sykkelen og satt kursen mot Gamlehaugen. Vi ville komme oss litt bort frå sentrum, så då tok vi like gjerne turen dit til parken og slottet. Har aldri vert der før, og det var såå fint :-) Skikkelig idyllisk! 
Vi gikk litt rundt området, fant oss ein fin spot, spiste lunsj, slappa av og leste bok. Litt annarledes søndagsaktivitet, men absolutt ein fin ein! Kjem garantert til å dra ut dit fleire ganger. Vi har jo soltak på toppen av leilegheita her i Bergen, men det er ikkje det samme som å gå i parken og kose seg. Fint med avkobling i fine omgivelser og kvalitetstid sammen med siss ♥ 


Det er forsatt litt igjen av søndagskvelden og den skal gå til fotbad, god kvelds og serie Perfekt avslutning på helga! Ellers kjenner eg meg litt småtrøtt, så har planer om å hoppe tidlig til køys. Heten slår meg sånn ut, og eg kjenner at eg ikkje har fått i meg nok væske i dag.. Skjerpings i morra! Ha fortsatt ein fin kveld :-)

8

Snapshots

  • Publisert 13.07.2014 | 11:19
  • Kategori Insta

God søndag, Cuties Fordelen med å jobbe på klesbutikk må vere at man har fri på søndager. Eg elsker jo søndager, og det er så deilig å ha denne dagen til å lade opp til den nye veka. I skrivandes stund ligger eg i senga, oppdaterer bloggen og slurper i meg dagens første kaffikopp. Slike rolige morninger er herlige, og det er nok derfor det har blitt så mange av dei i sommer. Men hallo, det heiter jo ferie for ein grunn ;-) Føler ikkje behovet for å vere så effektiv, spesielt ikkje på ein søndag. Den er hellig! 

Frokosten er også komt i magen og om få strakser skal eg pakke strandbagen, lage meg niste og finne fram bikinien. Eg og Linemor har planlagt ei lita utflukt i dag og det gleder eg meg til :-) Det er umulig å oppholde seg i leilegheita når det er så varmt ute! Vi har jo så store vinduer, og når sola står på er det badstustemning her. Blæh! 

Her er mine siste bildeoppdateringer på instagram frå syden. Husk å følg meg på @hannemjas Ha ein fin søndag!

11

Sweet home

  • Publisert 12.07.2014 | 12:07
  • Kategori Blogg

Åh, så deilig det var å komme heim, få pakke ut, ta seg ein dusj, spise taco og krype opp i verdens mjukaste seng Det å vere på ferie er godt, men det å komme heim igjen er endå bedre. Eg er så heimekjær og eg liker å vere omringa av omgivelser som eg er vant med. No blir eg i Bergen nokre dager før eg reiser heim på besøk til familien for ei veke - det gledes :-) 


I dag våkna eg så tidlig som klokka 7. Tropevarmen ute gjorde det umulig å sove, så då var det berre å komme seg opp, ta seg ein kald og forfriskandes dusj, spise frokost og rydde litt. Har også fått vert på butikken og det var virkelig ein fryd å få fylle opp kjøleskapenet igjen! Eg blir så fort matlei i syden, så eg har hamstra inn norsk, sunn og frisk mat til den store gullmedalje. 


Om få strakser fyker eg av gårde på jobb. Så utrulig kjipt å måtte jobbe i dette finværet som stråler på utanfor, men pengane kjem ikkje av seg sjølv. Det ser dessuten ut som om at godværet blir her ei stund, og det er deilig :-) But time to go - ha ein fin lørdag 

2

Classic

  • Publisert 11.07.2014 | 14:47
  • Kategori Video

7

Slaraffenliv

  • Publisert 10.07.2014 | 19:47
  • Kategori Reise

Hei, og tusen hjertelig takk for gratulasjonane i forbindelsen med forlovelsen Dåke er så herlige! Er fortsatt litt rart å tenke over at vi faktisk er forlova, men det begynner å gå meir og meir innpå meg. Og det føles veldig deilig :-) Vi har det ufattelig bra sammen og disse dagane på ferie har vert fantastiske. Vi har kosa oss med strandliv, bading, båttur, bøker, gode måltider og spaserturer rundt i området. Har tatt livet heilt med ro, og berre gjort ting vi har hatt lyst til. 


Oppholdet vårt nærmer seg slutten og i kveld er siste kvelden her i paradis. Litt trist, spesielt med tanke på at eg koser meg sånn her og at eg får tilbringe så masse tid med Frank. Likevel er ein stor del av meg klar for å reise heim også! Ei veke i syden er meir enn nok, og eg kjenner allerede eit stort savn til norsk luft, norsk mat, rutiner og riktig mengde med søvn :-) 
Vi ligger 1 time framfor dåke, så kvelden begynner å snike innpå. Med andre ord - på tide å runde av her og gå ut for å spise. Magen min skriker etter pepperbiff! Mums, må jo slå til på stortromma siste kvelden. Håper det står bra til med alle 

25

YES

  • Publisert 09.07.2014 | 16:50
  • Kategori Blogg

Dei av dåke som allerede følger meg på instagram har vel fått med seg den store nyheita - eg er forlova Er fortsatt litt i svime etter hendelsen, men herregud eg er så lykkelig! Klarer ikkje å slutte å smile :-) Frank er virkelig verdens beste og eg er så heldig som har han. Føler meg forsatt litt ung, men etter 7 år som kjærester føles dette veldig, veldig riktig ♥ 
Må også berre få nytte anledninga til å takke for alle dei fine gratulasjonane både på instagram og facebook  Så koselig å få så postiv respons! Både eg og Frank er heilt målløse :-) Åh, vi har det så fint!!

10

Outfit 06.07.14

  • Publisert 08.07.2014 | 17:31
  • Kategori Outfits


//Kjole Romwe//Sko Dinsko//Klokke DanielWellington//Solbriller Sjappe i Ayianapa//

Heisann! Mitt navn er Hanne Mjåseth og eg er ei 21 år gamal jente som studerer ved lærarhøgskulen i Bergen. På denne bloggen får du ein god miks av mote, trening, kosthold, musikk og kvardagsliv. Håper du finner deg godt til rette!

Bloglovin

Follow on Bloglovin

Design

Designmal av
RRH Webdesign
Redigert og endra av
Marte Mandelid.

Instagram



Annonsar

hits